publication . Master thesis . 2016

Flåtemakt mot sjørøvari. Utsending av orlogseskadrar mot sjørøvarar, kaperar og fribyttarar under Christian IV (1588–1648)

Berger, Marie Nystuen;
Open Access Norwegian Nynorsk; Nynorsk, Norwegian
  • Published: 03 Jun 2016
  • Publisher: UiT Norges arktiske universitet
  • Country: Norway
Abstract
Denne avhandlinga tek sikte på å undersøke omfang og betyding av marinetokt mot sjørøvarar, kaperar og fribyttarar i dansk-norske havområde. Avhandlinga tek utgangspunkt i å kartlegge og registrere omfanget av konkrete patruljeoppdrag for å sjå om dei kan seie noko om voldsutøving på havet i løpet av formyndarstyret og regjeringstida til Christian IV (1588–1596). Det er brukt kontekstuell komparativ kjeldekritikk på kjeldematerialet som ligg til grunn. Ståstaden til kjeldeprodusenten har vore eit viktig element for å sjå på kva omgrep som vert nytta om dei aktuelle aktørane. Starten av 1600-talet var ei brytningstid der maktpolitiske strukturar og diplomati utvikla seg og fann nye vegar, og der handel og ekspedisjonar førte til ekspansjon og imperiebygging. Orlogseskadrane har vorte sett på i lys av jurisdiksjon og råderett på havområda og dei mange krigane i tidleg nytid. Desse var eit bakgrunnsteppe for utvikling av sterke mariner og utvikling av eit fungerande kapersystem. Christian IV sendte ut over 70 eskadrar på tokt med hovudoppdrag eller sideoppdrag å sjå etter sjørøvarar, kaperar og fribyttarar. Eit fåtal av desse har vi rapport etter, til dømes frå Jørgen Daa og Jens Munk sin ekspedisjon i 1615 som fakka sjørøvaren Jan Mandaus utanfor Kolakysten. Avhandlinga nyanserer biletet av sjørøvarane og kaperane på dansk-norske havområde i tidleg nytid, gjennom å sjå på det tilgjengelege kjeldematerialet. Dunkerkarane vert trekt fram som kaperar som opererer i grenseområdet mellom sjørøvar, fribyttar og kaper. Avhandlinga byggjer på empirisk materiale frå danske og norske arkiv, og gir eit innblikk i eit emne det er forska lite på frå dansk-norsk side.
Subjects
free text keywords: VDP::Humaniora: 000::Historie: 070::Nyere tids historie (før 1800): 082, VDP::Humanities: 000::History: 070::Recent history (before 1800): 082, Christian IV, Tidleg nytid, 1600-talet, 17th century, Handel, Diplomati, Sjørøvar, Pirat, Kaper, Privateering, Orlogseskadre, Krig, Piracy, Fribytter, Flåte, Marine, Dunkerkar, Dunkirker, Barbarkorsar, Barbary States, James I, Jens Munk, Danmark-Noreg, Island, Orknøyene, "Vestersøen", Nordsjøen, North Sea, Dunkerque, Dei sameinte Nederlanda, Dei spanske Nederlanda, Holland, HIS-3900
Related Organizations
Any information missing or wrong?Report an Issue